Vi er glade for å kunne begynne å trene utandørs i større grupper igjen. Utandørstreningane våre vil ha base på Stadion – i tribuna lengst vekke frå inngangen. Vis hensyn til anna aktivitet på stadion når du kjem og går til trening. Vi vil også tilpasse musikk og volum til anna aktivitet fom føregår der.

Vi vil sjølvsagt følge gjeldande smittevernreglar og deltaking på desse timane forutsetter at du har lest er kjent med følgande:

  • ALLE som skal delta på timen skal registrerast. Du må ha booka deg plass til timen på førehand eller få tilvist ein plass i frå instruktør når du kjem.
  • Dersom du er sjuk eller har symptomer på sjukdom, held du deg heime! Avbestill plassen din så snart du kan.
  • Vi har ikkje tilgang til garderobe og toalett på våre utetreningar.
  • God handhygiene er viktig! Vask henda før du kjem, og når du kjem heim. Gym Stryn har tilgjengelig desinfeksjon.
  • Hald 1 meter avstand til andre deltakere og instruktør til einkvar tid. Ikkje lov med high five, handhelsing eller klemming.
  • Du har med eige treningsutstyr til timen din. Vi har også noko reserve til utlån. Du har ikkje lov å ta på andre sitt utstyr.
  • Utstyr til dei enkelte timane vil det kome informasjon om i forkant av timen, ta alltid med matte og handkle!
Vi vil legge ut ny plan på gruppetreningar for kvar veke. Dersom du har ønsker eller innspel til planen må du gjerne ta kontakt. Vi ønsker å legge tilrette for eit bredt tilbod til medlemmane våre.

Translate »