Ved innmelding hjå Gym Stryn får du tilbod om treningsrettleiing. Ei treningsrettleiing gjev deg ei god innføring i korleis bruke apparat og utstyr som du finn i våre lokale. Du vil også bli rettleia gjennom eit generelt styrkeprogram, som er tilpassa nybegynnarar. Dette vil hjelpe deg i gang og sikre deg at du trenar riktig. Avtal treningsrettleing på førehand med ein av våre resepsjonistar eller ved å sende epost til post@gymstryn.no.
Eksempel på treningsprogram.
Ved deltaking på fellestimar vil du også få nyttige tips til øvingar og rettleiing til rett teknikk som du kan ha nytte av i di eigentrening. Vi har timar for dei fleste nivå. Les gjerne meir om timane våre, og finn noko som kan passe for deg, eller ta kontakt med resepsjonen/ instruktør om du lurer på noko.