Kva kan vi hjelpe deg med?
Ein personleg trenar sørger for at du trenar sikkert, effektivt og at treninga er individuelt tilpassa. Både ein nybegynnar som treng hjelp til å kome igang, og ein som har trena lengre vil ha utbytte av peronleg tilpassa trening. Din PT vil følge deg tett på trening, lage treningsprogram tilpassa din progresjon og motiverar deg på vegen. Våre personlege trenarar er dyktige til å sjå heile deg og hjelpe deg i din situasjon.
Vi har fem personleg trenarar på Gym Stryn – ta direkte kontakt med den du ønsker å nytte deg av. Under her står litt om spesialkompetansen og prisar på dei ulike tjenestene.
Fride Nesje
Fride er nyutdanna personleg trener i 2024 og er i gang med sin praksis på Gym Stryn.
Fride er ei jordnær jente som motiverer og inspirerer. Ho hjelper deg å setje gode mål og finne løysingar for ein sunn livsstil tilpassa deg! Her kan du få hjelp til både trening og kosthold. Fride har allsidig bakgrunn og har brukt mykje tid på turn i si ungdomstid, så dersom du har eit ønske om å mestre handstand eller lignande er fride den rette trenaren for deg. Du vil få ein god støttespelar og humørfylte treninger med Fride som personleg trenar.
- Tlf: 90362636
- E-post: fride.nesje@icloud.com
- Tilbyr introtilbud på PT pakkar:
- 3 Klipp 1500,-
- 5 klipp kr 2500,-
Anita Hundvebakke
Anita er utdanna omsorgsarbeider og snart ferdig utdanna personlig trener gjennom AFPT. Ho har sjølv vore gjennom mange utfordringer og erfart at trening og bevegelse er eit viktig verktøy på vegen mot betre helse. I tilleg til å vere personleg trenar er Anita også sertifisert Basisball-instruktør, og er ein trygg og kunnskapsrik vegleder. Anita lytter til dine behov og tilrettelegger øvelser og treningsøkter som er tilpassa deg. Ho tilbyr også kostholdsrettleiing.
- Tlf: 91870165
- E-post: anita.hundve@yahoo.no
- Tilbyr introtilbud på PT pakkar:
- 3 Klipp 1500,-
- 5 klipp kr 2500,-
Ann Kristin Grodås
Ann Kristin er utdanna ernæringsfysiolog og personleg trenar med fordjupning innan rehabilitering og er dagleg leiar på Gym Stryn. Med si lange erfaring som personleg trenar og CrossFit-instruktør er Ann Kristin rett person til å hjelpe deg med å løfte treninga di til neste nivå.
Som ernæringsfysiolog tilbyr Ann Kristin kosthaldsrettleiing og oppsett av matplan både i kombinasjon med treningstimar og utanom.
Ann Kristin er positiv og motiverande og hennar engasjement vil påvirke deg til å velge ein sunn og aktiv livsstil.
- Tlf: 46331481
- E-post: akgrodaas@gmail.com
- Følger prisliste i tabellen under.
Gunn Skrede
Gunn er utdanna fysioterapeut og personleg trenar og har også bakgrunn som instruktør i sal, sykkel og løpegrupper utandørs. Kombinasjonen fysioterapeut og PT gjer Gunn meget god på skadeførebyggande trening og tilrettelegging av aktivitet i rehabiliteringsfasen. Gunn har i si ungdomstid dreve aktivt med kondisjonsidrettar, og drar nytte av denne erfaringa til å lage gode treningsplaner mot eit spesifikt konkurranse- eller mosjonistmål.
Som person er Gunn blid og utadvent, du vil få ein PT som engasjerer seg i dine målsetjingar og motivere deg til å nå dine mål.
- Tlf: 90570309
- E-post: gunn.skrede@gmail.com
- Følger prisliste i tabellen under.
Mathias Lilleheim
Mathias har lang erfaring innan idrettsfaget, der han blant anna har jobba på Olympiatoppen med ansvar for styrke og stabilitetstrening for fleire ulike idrettar. Han har jobba med profesjonelle utøvarar i tillegg til «vanlege» mosjonistar. Dei siste åra har han hatt ansvaret for vidareutvikling av PTar ved Studio Jobbsprek i Oslo.
Mathias kan både hjelpe deg som er heilt ny til trening og vil ha hjelp til å bli sikker på teknikkar og øvingar, og deg som er ute etter å løfte treninga di endå fleire hakk.
Mathias er også opptatt av å setje fokus på viktigheita av styrketrening for deg som er litt «opp i åra». Både for auka livskvalitet, betre generell helse og moglegheita til å bu heime lengre.
- Tlf: 41900355
- E-post: mathias.lilleheim@gmail.com
- Prisar: Ta kontakt med Mathias for å avtale pris og time
Prisliste individuell PT
1 klipp | 710,- |
3 klipp | 2010,- (670,- per klipp) |
5 kipp | 3250,- (650,- per klipp) |
10 klipp | 6200,- (620- per klipp) |
20 klipp | 11600 (580,- per klipp) |
Prisliste DUO (pris per person)
1 klipp | 580,- per person |
5 klipp | 2600,- (520,- per klipp per person) |
10 klipp | 4850,- (485.- per klipp per person) |
20 klipp | 9000,- (450,- per klipp per person) |