Er du nysgjerrig på CrossFit? Ønsker du å vete meir om denne treningsforma? Treng du motivasjon til treninga? Dersom svaret er ja på eit eller fleire av desse spørsmåla oppfordrar vi deg til å møte opp på Stryn vidaregåande skule torsdag 17. mars kl 18:00 til informasjonskveld om CrossFit. Etter informasjon vert det ei treningsøkt for dei som ønsker å teste CrossFit. 

Vi ønsker å vise via film, foredrag, dialog og  trening kva CrossFit er, og ønsker alle velkomne til ein informasjonskveld. Vi ønsker at nybegynnarar, vidarekomne og erfarne skal kome denne kvelden, for å saman kunne få ei forståing for kva CrossFit er og korleis desse treningstimane opplevast og verkar. Du treng ikkje være medlem av Gym Stryn for å delta på informasjonen eller økta denne dagen.

IMG_20160304_092830

IMG_20160129_114623

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Program for kvelden

  • 18:00 – 19:30 Informasjon om CrossFit, Auditoriet Stryn vgs.
  • 20:00 – 21:00 CrossFit økt på Gym Stryn (20 plassar)

Påmelding til CrossFit økta via gymstryn.no (dei som er medlem) eller via sms til 414 57 553 (for dei som ikkje er medlem)

Vi vert tre instruktørar som er skulerte til å drive CrossFit, dette er Lena Lunde Vinsrygg, Kjetil Svarstad og Ann Kristin Grodås.

Vi ønsker alle velkomne til ein inspirerande kveld om CrossFit.

Translate »