Eit medlemskap i Gym Stryn gjev deg betre helse, meistringskjensle og høgare prestasjon. Du kan trene når du sjølv ønsker det, på eigahand eller saman med andre. Vi har dyktige instruktørar og tilsette som vil ta vare på deg og gje deg motivasjon til å fortsette. Eit medlemskap inkluderar ei personleg nøkkelbrikke, slik at du kan trene når når det passar deg, mellom 05:30-23:00 kvar dag, heile året. Du kan også fritt delta på våre fellestreningar – her har vi eit rikt utvalg for alle ønsker og nivå. Og du kan også benytte deg av våre ekstra tjenester som personleg trenar, kosthaldsrettleiing eller fysioterapi. Du kan melde deg inn via linken nedanfor, eller møte opp i våre betjente tider. Velkommen til «gymmen»!

 

BLI MEDLEM

 

Informasjon

Generelt

Medlemskap på 3, 6 og 12 månadar skal betalast via AvtaleGiro som opprettast ved innmelding. Dersom avtalegiro ikkje vert oppretta vil du mota faktura med fakturagebyr. Dette er medlemskap med henholdsvis 3, 6 og 12 månaders gjensidig bindingstid. Det vil sei at du ikkje kan avslutte medlemskapet i denne tida, og du er garantert månadsprisen ved innmelding, heile denne tida. Medlemskapet vil fortsette å løpe, utover bindingstida med 1 mnd oppsigelse, til du sjølv gjev Gym Stryn skriftleg (e-post) melding om endring.

Personar under 18 år kan registrere seg på førehand på www.gymstryn.no og deretter kome innom oss i betente tider for å teikne avtale. Ein må då ha med foresatt for signering av avtale. Vår aldersgrense på medlemskap hjå Gym Stryn er det året ein fyller 15 år.

Student

Som student må du ved utgang av bindingstida på medlemskapet ditt framlegge bevis på at du fortsatt er student og har rett på studentpris. Dersom dette ikkje vert gjort, vil prisen verte endra til ordinær pris. Studentbevis med bilete og gyldig dato er godkjent. Som lærling har du rett på studentpris.

Senior

Frå og med månaden du fyller 65 år har du rett på seniorpris på medlemskap hos Gym Stryn. Du er sjølv ansvarleg for at prisen vert endra ved fylte 65 år. Ved førtidspensjonering eller om du av andre grunnar har honørkort er dette gyldig for å få senior pris.

Innmeldingsavgift

Innmelding inkluderer omvising, treningsrettleiing, nøkkelbrikke og administrative kostnadar. Dersom du vel å melde deg ut av Gym Stryn vil det påkome ei ny innmeldingsavgift ved innmelding igjen.

Nøkkelbrikke

Ved teikning av medlemskap over 3,6 og 12 månader får til tilgang til treningssenteret via ei personleg nøkkelbrikke. Det er ikkje tillate for medlemar av Gym Stryn å ta med uvedkomande (personar utan medlemskap) inn i treningslokalet. Vad tap av nøkkelbrikke må medlemmen sjølv kjøpe ny.

Rabatterte prisar

Gym Stryn tilbyr ikkje familierabattar. Dersom di bedrift, ditt lag eller organisasjon ønsker ein rabattavtale ber vi deg ta kontakt med dagleg leiar for å sjå på moglegheitene for dette.

Vi oppfordrar til å lese nøye gjennom medlemsvilkåra når du teiknar medlemskap.

Trening over korte periodar

Vi tilbyr trening for dei som ønskjer tilgang til Gym Stryn over kortare periodar som ein månad, ei veke eller ei treningsøkt. Dette er medlemskap du betalar ved oppmøte på Gym Stryn i betente tider. Dersom du skal ha tilgang til trening utanom betente tider må du kjøpe nøkkelbrikke til kr 100,- Denne kan du behalde for seinare bruk.