Medlemsvilkår for Gym Stryn

Desse medlemsvilkåra gjeld for alle medlemskap. Vilkåra er bindande for begge partar frå og med dato når medlemskapet vert teikna, og så lenge ein er medlem, ref. pkt.5 om bindingstid og oppseiing.

  1. Medlemskap i Gym Stryn
    1.1 Medlemen pliktar til ei kvar tid å ha gyldig medlemskontrakt, betale treningsavgift i henhold til medlemskontrakt og halde seg orientert om og følgje dei til ei kvar tid gjeldande reglar og instruksar som Gym Stryn har i sine treningslokale. Brot på dette kan føre til utestenging.
    1.2 Medlemen skal til ei kvar tid kunne syne fram legitimasjon med bilete under opphald i Gym Stryn sine lokale, saman med nøkkelbrikke.
    1.3 Alle endringar av medlemskap skal skje skriftleg eller ved personleg oppmøte. Kontaktinformasjon og betente opningstider finn ein på nettsida www.gymstryn.no Stadfesting på utførte endringar skal sendast frå Gym Stryn innan 14 dagar til medlemen si oppgjevne e-postadresse. Om stadfesting ikkje vert motteke, må medlemen kontakte Gym Stryn på nytt.
    1.4 Nedre aldersgrense ved Gym Stryn er det året ein fyller 15 år. Medlemar under 18 år må ha signatur i frå føresett på medlemskontrakter med løpande varigheit.
  2. Betaling
    2.1 Oppstartsbeløp beståande av innmeldingsavgift og treningsavgift for resterande del av innmeldingsmånaden + påfølgande månad skal betalast på første faktura ved innmelding.
    2.2 Betaling av medlemskap med løpande varigheit og bindingstid på 3, 6 eller 12 månadar skal skje ved bruk av Avtalegiro (automatisk trekk i frå medlemens bankkonto). Fakturagebyr tilkjem når Avtalegiro ikkje nyttast til betaling av treningsavgift.
    2.3 Avtalegiro betaling: Eg er kjend med at Avtalegiro er ein avtale mellom min bank og meg som kontoinnehavar om betaling av treningsavgift. Ved oppretting av Avtalegiro gjev eg Gym Stryn rett til å melde inn belastning av treningsavgift i henhold til mi medlemskontrakt. Dato for belastning er normalt den 20. i kvar månad. Som medlem pliktar eg å opprette Avtalegiro-avtale og jamleg kontrollere at rett beløp belastast. Sletting av Avtalegiro-avtale i bank er ikkje å regne som oppseiing av medlemskap hjå Gym Stryn.
    2.4 Ved kontantkontrakter (ei treningsøkt, ei veke eller ein månad) skal treningsavgifta betalast i si heilheit før treninga tek til. Det er også anledning til å betale andre medlemskap kontant dersom ein ynskjer det.
    2.5 Ved stopp av sponsing av medlemskap vil ordinær medlemspris bli kravd frå medlemen.
    2.6 Dersom medlemen ikkje betalar innan fristen, vil kravet bli overførd til tredjepart for vidare innkrevjing.
    2.7 Ved misleghald av betaling på minst tre forfalne månadsavgifter vil Gym Stryn kunne sperre tilgangen til senteret, og samtidig bringe medlemskontrakta sin resterande verdi til forfall.
  3. Nøkkelbrikke
    3.1 Ved teikning av medlemskap hos Gym Stryn får du tilgang til treningssenteret via nøkkelbrikke i dei til ei kvar tid gjeldande opningstider for Gym Stryn. Det er ikkje tillate for medlemar av Gym Stryn å ta med uvedkomande (personar utan medlemskap) inn i treningslokalet.
    3.2 Ei nøkkelbrikke er personleg og kan ikkje lånast bort til andre. Dersom medlemen mister nøkkelbrikka si, har han/ho ansvar for å gje beskjed til Gym Stryn om dette slik at den kan deaktiverast. Ved tap av nøkkelbrikke må medlemen sjølv kjøpe ny nøkkelbrikke.
  4. Bindingstid og oppseiing
    4.1 Medlemskontrakter som er inngått med bindingstid på 3, 6 eller 12 månadar kan ikkje avsluttast i bindingstida. Når bindingstida er utgått, fortsetter medlemskapen med 1 månad skriftleg oppseiing. Oppseiingsfristen løper frå og med første dag i månaden etter at oppseiinga er motteken av Gym Stryn. Medlemen kan ikkje overdra medlemskontrakta til andre.
    4.2 Ved inngåing av ei rabattert medlemskontrakt (student, kampanjetilbod og liknande) vil prisen automatisk justerast til ordinær pris etter at bindingstida er gått ut. Medlemen er sjølv ansvarleg for å framvise dokumentasjon på at rabatten skal oppretthaldast utover opprinneleg bindingstid, og dette må framvisast før bindingstida går ut.
    4.3 Ved graviditet, skade/ sjukdom og liknande kan medlemskapet «frysast# ved å framvise legeerklæring over perioden dette er aktuelt. Dette medfører utsetting av bindingstid og betaling til medlemen er i stand til å nytte seg av treningstilbodet att.
    4.4 Gym Stryn kan oppheve bindingstid ved dokumentert flytting utanfor kommunegrense, eller ved legeerklæring.
    4.5 Gym Stryn pliktar ikkje til å refundere treningsavgift på grunn av sjukdom eller manglande bruk av treningstilbodet.
  5. Ansvarsforhold
    5.1 All trening skjer på eige ansvar.
    5.2 Medlemen har ansvar for å være helsemessig skikka til å trene hjå Gym Stryn, samt til å opplyse om informasjon som vil være av betyding ved treningsrettleiing eller ved inngåing av samarbeid med personleg trenar og/ eller andre tenester i Gym Stryn sin regi.
    5.3 Gym Stryn fråskriv seg alt ansvar for personskadar og skadar på gjenstandar som oppstår under, eller som fylgje av, medlemen sitt opphald i Gym Stryn, herunder tap og skadar på personlege eigendelar.
    5.4 Medlemen er ansvarleg for å halde Gym Stryn informert om adresseendringar, endring av bankkonto, samt anna informasjon som er naudsynt for ivaretaking av rettigheiter og pliktar etter medlemsvilkåra. Forsinka betaling eller anna misleghald som følgje av at informasjonsplikta ikkje er overhalden, er medlemen sjølv ansvarleg for.
  6. Antidoping policy
    6.1 Gym Stryn har inngått avtale om Rent senter med Antidoping Norge fordi vi ønsker eit reint, sunt og helsefremmande treningsmiljø. Vi tolererer derfor ikkje bruk av dopingmidler blant våre kunder.
    6.2 Som medlem av Gym Stryn tek eg avstand i frå bruk av dopingmidler, og er kjent med at bruk av dopingmidler utgjer eit vesentleg misleghald av medlemsavtalen som gir Gym Stryn rett til å heve avtalen med øyeblikkelig virkning.
    6.3 Eg forpliktar meg til ikkje å bruke dopingmidler som fremkommer på særskilt dopingliste for treningssentre. Eg er kjent med at lista til ei kvar tid kan finnast på www.rentsenter.no
    6.4 Gym Stryn har inngått avtale med Antidoping Norge om gjennomføring av dopingkontroll. Der senteret registrerer teikn og symptomer på bruk av dopingmidler er eg innforstått med at eg vil bli kalla inn til ein samtale. Under samtalen vil eg bli forelagt ein avtale om dopingkontroll som forpliktar meg til å avgi dopingprøve mens eg befinner meg på treningssenteret dersom det fortsatt foreligg teikn til mogleg dopingbruk. Dersom eg ikkje signerer erklæringen, anses det som eit vesentlig mislighold av min medlemsavtale, og Gym Stryn har anledning til å heve medlemskapet.
    6.5 Med ikraftsettelse frå 1. juli 2013 er all bruk av dopingmidler kriminalisert etter Legemiddelloven, paragraf 24a. Bruk av – eller mistanke om bruk av dopingmidler på Gym Stryn kan bli politianmeldt.
  7. Endringar
    7.1 Gym Stryn føreheld seg retten til å endre medlemsvilkår og prisar. Prisjustering kan skje på bakgrunn av mellom anna endra treningstilbod og auka kostnadsnivå gjennom inflasjon, husleige, statlege avgifter og anna. Pris kan ikkje endrast innafor bindingstid i den medlemskontrakt som er inngått.
    7.2 Gym Stryn føreheld seg retten til å halde stengt på heilagdagar og redusere opningstid og gruppetilbod ved ferieavvikling og sommartid.
  8. Informasjon og beskjeder
    8.1 Gym Stryn gir informasjon i henhold til kontaktopplysningar medlemen har oppgjeve til Gym Stryn. Medlemen samtykker til at Gym Stryn også kan nytte elektronisk kommunikasjon (SMS, MMS, E-post osv.), samt nettside og oppslag på senteret for å informere om forhold som vedkjem medlemen, herunder prisjusteringar, samt for å informere om og/eller marknadsføre sitt tenestetilbod (jf. Marknadsføringslova paragraf 15)