Er du arbeidsgjevar og ønsker å bidra til betre fysisk og mental helse for dine ansatte? Eller er du som arbeidstaker interessert i å skape eit miljø for trening saman med andre på arbeidsplassen?

2015-06-03 18.10.382015-05-13 19.37.51

Trening er både helsefremjande og sosialt, og ansatte som held seg i form har stor verdi, mellom anna for å redusere sjukefråvær på arbeidsplassen. Med dusj og garderobar tilgjengelig vil nærleiken mellom arbeidsplassen og Gym Stryn gjere at ansatte kan trene både før og etter arbeidstid, eller på andre tidspunkt ein måtte ønske mellom kl 5.30 og 23.00 kvar dag heile året med personleg medlemskort.

Det er allereie 10-15 bedrifter som har avtale om trening for sine ansatte på Gym Stryn. Nokon vel å dekke abonnementet for dei ansatte, medan andre ønsker at dei ansatte sjølv betaler treningsavgifta. I begge tilfeller oppnår ein god rabatt på ordinære prisar, der rabattnivået avhenger av antall ansatte som teikner medlemskap.

Send gjerne ein epost til post@gymstryn.no dersom de ønsker eit tilbod om bedriftsavtale, eller har andre spørsmål rundt dette. Meir info om treningstilbod og timeplan finn de ved å klikke på linkane under:

Prisar på medlemskap

Fellestreningar

Timeskildring

Bilder i frå Gym Stryn