På Gym Stryn har vi også ungdomstrening! Dette er timar for ungdomer frå det året dei fyller 12år der instruktør går igjennom eit treningsprogram, rettleiar og bidrar til sikker og effektiv trening. På desse timane treng ikkje foresatt å følge ungdomen på trening.

UNG trening:

Trening i eigentreningsområdet saman med instruktør frå Gym Stryn. Treningsprogrammet vil bli det samme gjennom ein månad for å sikre god innlæring, og kontinuitet i treningsarbeidet. Deretter blir nokre øvelser skifta ut.

Dersom ungdomen vil trene utanfor denne oppsatte timen, må dette skje i følge med foresatt, og vilkår og priser for tenåringslappen gjeld.

Våre mål med UNG trening:

  • Skadeforebyggande og allsidig trening
  • Meistringsfølelse innanfor ulike treningsmetoder; både kondisjonstrening og styrketrening
  • Motivasjon til å halde seg aktiv
  • Sosialt
  • Lære ungdomen trygg og nødvendig komptanse til å kunne trene på eigahand.

UNG bulder & styrke:

Dette er buldretrening i gruppe saman med buldreinstruktør. Her vil deltakarane bli betre kjendt med teknikkar og utføring av buldring i buldreveggen. I tillegg inneheld timen også ei styrke-økt med gode øvingar for å bli ein betre buldrar.

Priser og vilkår:

  • Det året barnet fyller 12 år kan han/ho melde seg inn.
  • UNG medlemskap: 349,- per mnd. Ved innmelding betaler ein for resten av månaden ein er inne i + heile neste månad.
  • Bindingstid: Ingen bindingstid, 1 månad oppseiingstid
  • Innmeldingsgebyr: 0,-
  • Øvrige medlemsvilkårgjeld.
  • NB! Foresatt må ha eige medlemskap, sjå eigne prisar og vilkår.
  • Ungdomen kan delta på gruppetimer sammen med foresatt (unntak CrossFit)