Hos Gym Stryn finn du også ein eigen buldrehall.

Her finn du ruter for alle nivå og aldrar, og det er ingen krav til forkunnskap til budring for å ta i bruk veggen. Vi har også ruteskruar på huset, så for den som buldrar ofte vil det bli nye utfordringar ein kan bryne seg på kvar veke.

Som dei første på venstlandet fekk vi instalert eit heilt nytt Kilterboard i 2021, her er det hudrevis av ruter med ulik vanskegrad ein kan nytte seg av.

Det er mogleg å leige både klatresko og kalk hos oss
Klatresko 50kr
Kalk (og kalkpose) 20kr

Buldreveggen er tilgjengeleg for Drop-in mellom 05.00 – 24.00, og både Drop-in og leige av klatresko etc kan betalast med Vipps.

Dersom du buldrar ofte vil vi anbefale å kjøpe klatresko og kalkpose sjølv. Dette kan gjerast på Sport1 Ytreeide i Stryn sentrum. Her har medlemmer av Gym Stryn gode rabatter.