Ved innmelding hjå Gym Stryn får du tilbod om treningsrettleiing. Ei treningsrettleiing gjev deg ei god innføring i korleis bruke apparat og utstyr som du finn i våre lokale. Du vil også bli rettleia gjennom eit generelt styrkeprogram, som er tilpassa nybegynnarar. Dette vil hjelpe deg i gang og sikre deg at du trenar riktig. Avtal treningsrettleing på førehand med ein av våre resepsjonistar eller
Eksempel på treningsprogram.
Ved deltaking på fellestimar vil du også få nyttige tips til øvingar og rettleiing til rett teknikk som du kan ha nytte av i di eigentrening. Vi har timar for dei fleste nivå. Les gjerne meir om timane våre, og finn noko som kan passe for deg, eller ta kontakt med resepsjonen/ instruktør om du lurer på noko.