Resepsjonist/ kveldsvakt

Vi treng ein eller fleire person(ar) som er serviceinnstilt, blid og omgjengeleg og som er interessert i helse, trening og fysisk aktivitet. Jobben inneberer blant anna å ta i mot nye medlemmar, kundebehandling, omvising, enkel rettleiing på treningsapparat, reinhald og vedlikehald. Det vert i hovudsak arbeid på kveldstid.

Gym Stryn tilbyr

Gym Stryn har helse, meistring og prestasjon som kjerneverdiar og ønsker å jobbe i tråd med desse i alle ledd. Vi er opptekne av å utvikle oss og halde oss fagleg oppdaterte. Du vil få moglegheit til å jobbe i eit spanande miljø og til personleg utvikling hjå Gym Stryn. Løn etter avtale.

Søknadsfrist: Vi vil vurdere søkarar løpande, og ønsker å tilsette person(ar) i stillingane så snart som mogleg. Ønsker å ha på plass resepsjonist frå 1. august.

Send søknad til annkristin@gymstryn.no og/eller ta kontakt med dagleg leiar Ann Kristin Grodås på 414 57 553 om du har spørsmål.received_1319113694768964

Har DU lyst å jobbe saman med oss? 

Translate »