Denne informasjonen er sendt ut til alle våre medlemmer på den mailadressa som medlemmet har oppgitt til oss.
For fire år sidan tok vi sats og etablerte Gym Stryn som eit friskt tilskot til treningsmiljøet i Stryn. Vi er stolte over å kunne gjere opp følgande status på utviklinga i denne perioden:
- Vi har investert nesten 2 millionar kroner i treningsutstyr! Sist ut av investeringar, etter ønske frå våre medlemmar, er ca 200 000 kroner knytt til opprusting av hallen i Kveen-bygget slik at vi kan ha alle gruppetimar her og frigjere kapasitet for eigentrening i lokala på Stryn vidaregåande skule.
- Vi sysselsetter nesten 3 årsverk med instruktørar og administrativt tilsette som jobbar kontinuerleg for å gje deg eit variert og godt treningstilbod.
- I denne perioden har vi i tillegg slått oss saman med Studio Basis v/Siri Linn Haugen, noko som har dobla vårt treningstilbod og tilført endå meir kompetanse
Alt ovanfor, og mykje meir, har vi gjort utan å endre prisen på medlemskap noko sidan oppstarten for fire år sidan! For å kunne fortsette utviklinga vil det no bli gjennomført ei prisjustering av medlemskap med virkning frå 1.1.2019. Vi ønsker framleis å tilby medlemskap til ein fornuftig pris som gjer trening tilgjengelig for alle som ønsker, og held derfor i grove trekk prisjusteringa innanfor den generelle prisutviklinga som har vore på tilsvarande tenester over denne fireårs-perioden (ca 15%). Dette inneberer i praksis at medlemskapet, samanlikna med prisutvikling i samfunnet forøvrig, er like rimelig som det var ved oppstarten for fire år sidan, medan treningstilbodet er mykje større (ref ovanfor). Vi er stolte av å kunne seie at vi også etter prisjusteringa (med veldig få unntak) tilbyr det rimeligaste treningstilbodet om ein måler det opp mot samanliknbare treningssenter i området rundt oss!
Nye prisar gjeldande frå 1.1.2019 finn du i tabellen nedanfor:
Praktiske konsekvensar for deg som medlem:
Pkt 7.1. i Gym Stryn sine medlemsvilkår lyd som følger:
7.1 Gym Stryn føreheld seg retten til å endre medlemsvilkår og prisar. Prisjustering kan skje på bakgrunn av mellom anna endra treningstilbod og auka kostnadsnivå gjennom inflasjon, husleige, statlege avgifter og anna. Pris kan ikkje endrast innafor bindingstid i den medlemskontrakt som er inngått.
Medlemmar som er innanfor bindingstid på medlemskap teikna fram til dags dato beheld derfor opprinneleg avtalepris til utløpet av bindingstida, deretter blir pris automatisk justert til ny pris. Medlemmer som fram til dags dato har forskotsbetalt trening for ein gitt periode blir ikkje krevd for prisdifferansen i denne overgangsfasen.
OBS! For å unngå utilsikta stopp i betaling av medlemsavgift er det viktig at du som medlem sjekkar i nettbanken din at beløpsgrensa på avtalegirotrekket til Gym Stryn er tilstrekkelig høg til at trekket blir gjennomført også etter prisjusteringa. Prisjusteringa trer i kraft frå 1.1.2019, forskotsbetaling for januar 2019 blir gjennomført i avtalegirotrekk 20.12.2018.
Vi set stor pris på å ha deg som medlem, og gler oss til å halde fram med å utvikle treningstilbodet til det beste for alle våre medlemmar. Vi høyrer gjerne frå deg dersom du har innspel og ønsker knytt til treningstilbodet på Gym Stryn!