Er du arbeidsgjevar og ynskjer å bidra til betre fysisk og mental helse for dine tilsette? Eller er du som arbeidstakar interessert i å skape eit miljø for trening saman med andre på arbeidsplassen?

Trening er både helsefremjande og sosialt og å ha tilsette som held seg i form kan ha stor verdi for di bedrift, mellom anna fordi god fysisk form er med på å redusere sjukefråvær på arbeidsplassen. 

Med gode garderobefasilitetar og kort avstand til Stryn sentrum vil det vere enkelt for dine tilsette å trene både før og etter arbeidstid, eller på andre tidspunkt ein måtte ønske. Med personleg nøkkelkort er senteret opent mellom kl 5.00 og 24.00 kvar dag heile året og som medlem har ein moglegheit for å vere med på ei rekke ulike gruppetimar.

Det er allereie 10-15 bedrifter som har teikna bedriftsmedlemskap for sine tilsette hos oss. Nokre bedrifter vel å dekke treningsavgifta for dei tilsette, medan andre ønsker at dei tilsette sjølv betaler. I begge tilfeller oppnår ein god rabatt på ordinære prisar, der rabattnivået avhenger av antall ansatte som teiknar medlemskap. 

Vi tilbyr også felles bedriftstreningar og kjem gjerne innom kontoret eller lageret for å komme med konkrete tips.

Send gjerne ein epost til post@gymstryn.no dersom de ønsker eit tilbod om bedriftsavtale, eller har andre spørsmål rundt dette.