Kurs i styrketrening med Mathias Lilleheim

Kurs 1:

Funksjonell Styrketrening – Kurs for deg som ikkje har trent så
mykje styrke

Trening for å takle dei fysiske utfordringane i livet, uansett alder, treningsbakgrunn og livssituasjon.

– STABILITET: Vi skal først gå gjennom ein kortfatta, enkel, men effektiv progresjon,
der vi lærer oss å bruke dei sentrale stabiliseringsmusklane (mage, rygg og side) på
RETTE måten.

– «HEILKROPPSLEGE ØVINGAR»: Deretter skal vi ta tak i store og gode – såkalla
«heilkroppslege» øvingar der dei sentrale stabiliseringsmusklane skal kontrollere
viktige ledd i kroppen, medan andre musklar (bevegande musklar) skapar kraft for å
bevege kropp eller redskap. Vi skal trene opp gode «samarbeidsstrategiar» for
stabiliserande og bevegande musklar.

– KONTROLLERT TRENING: Vi skal lære å trene med kontroll. Effektiv trening
handlar om å unngå KOLLAPSAR (det å miste kontrollen over eit ledd eller ein
kroppsdel) og KOMPENSERINGAR (det å kompensere for svake punkt gjennom å
«jukse» gjennom bruk av andre musklar enn dei du burde bruke). Dette gjer vi
gjennom å finne dei riktige belastningane for kvar kursdeltakar. Begrepet
«AVLASTNING» er eit viktig utgangspunkt for dette.

– «LÆRING FOR Å KUNNE TRENE PÅ EIGA HAND – HER PÅ GYMMEN ELLER
HEIME: Det du lærer på dette kurset vil hjelpe deg til å kunne trene effektivt og
riktig, uansett om du vil trene her på Gym Stryn eller heime.

Dato/ tidspunkt:

  • Søndag 2. mai 10:00-12:30
  • Søndag 9. mai 10:00-12:30
  • Søndag 16. mai 10:00-12:30
  • Dette inkluderer teori og praksis
    Stad: Gym Stryn, CrossFit sal
    Kursholder: Mathias Lilleheim
    Pris: 1400,- per pers, (Gym Stryn medlemmer kr 1100,-)

Kurs 2:


Funksjonell Trening – Lær deg å utnytte kroppens musklar meir effektivt:
Økning av 1RM (maksstyrke) – Forbetring av løfteteknikkar – Lavare
risiko for skader.


For deg som ønsker å bruke kroppen på ein bedre måte, nå nye mål og forbedre teknikken.
Du vil få tilbakemeldinger på detaljnivå slik at du jobber litt bedre på trening.

– STABILITET: Vi skal gjennom ein kort progresjon der vi skal lære å utnytte sentrale
stabiliseringsmusklar så effektivt som mulig. Dette handlar meir om motoriske
tilpasningar enn om økning av maksimalstyrke i mage, side og rygg. Optimal stabilitet betyr god timing, små «motbevegelsar» i staden for låsing og det å aldri bruke mer kraft enn situasjonen krev.

– «HEILKROPPSLEGE ØVINGAR»: Vil du øke maksimalstyrken, vil du forbetre
teknikkar i ulike øvingar, vil du trene med lavare risiko for skader? God teknikk
handlar om eit effektivt samarbeid mellom musklar som stabiliserer og musklar som
skal skape bevegelsane vi er ute etter. Vi skal «angripe» ulike STORE øvingar
(øvingar der ein heil og fri kropp skal få utfolde seg) for ulike deler av kroppen.
Effektiv bruk av kropp er knytta til bevegelsar der ein aldri skal bruke meir kraft, eller fleire musklar, enn det situasjonen krev. Dette prinsippet gjeld også det å teste 1RM (maksimalstyrke) i f.eks knebøy. God teknikk betyr også å kunne gjennomføre
bevegelsar utan ENERGILEKASJAR, slik at du kan løfte fleire repetisjonar utan å
bli sliten. Dette er ein viktig del av konkurranseelementet i Crossfit!

– EFFEKTIV TRENING: Effektiv trening handlar om å unngå KOLLAPSAR (det å miste kontrollen over eit ledd eller ein kroppsdel) og KOMPENSERINGAR (det å
kompensere for svake punkt gjennom å «jukse» gjennom bruk av andre musklar enn
dei du burde bruke). Vi skal få eit forhold til den NØYTRALE KROPPEN, som eit
naudsynt utgongspunkt for det å kunne løfte både meir og det å kunne løfte fleire løft med same belastning.

Dato/ tidspunkt:

  • Søndag 9. mai 19:00-21:00
  • Søndag 16. mai 19:00-21:00
  • Søndag 30. mai 19:00-21:00
    Stad: Gym Stryn, CrossFit sal
    Kursholder: Mathias Lilleheim
    Pris: 1400,- per pers, (Gym Stryn medlemmer kr 1100,-)