Gym Stryn ønsker å spre treningsglede og kunnskap innan trening til medlemmar og Stryningar generelt. Vi set derfor opp korte kurs som er tidsaktuelle, inspirerande og som gjev kunnskap til deltakarane. Dersom du har ønske om kurs, så kom gjerne med innspel på dette til post@gymstryn.no 

CrossFit introduksjosnkurs 3-4 februar 2017

For tredje gong arrangerar vi introduksjonskurs til CrossFit, vi gledar oss over interessa!! 🙂

  • Dato/ tidspunkt: Fredag 3/02, kl 18:00-20:00, Laurdag 4/02, kl 09:00-13:00
  • Pris: 300,- (medlem av Gym Stryn)/ 500,- (ikkje medlemmar av Gym Stryn)
  • Instruktør: Marta Myklebust, Kjetil Svarstad og Ann Kristin Grodås
  • Målgruppe: Alle med interesse for CrossFit er velkomne til å delta, det krevs ingen forkunnskap før kurset. Samtlege som ønsker å delta på CrossFit «Nivå 1» timar må ha gjennomført dette kurset, samt 10 timar med CrossFit «nybegynner».
  • Innhold: Informasjon om CrossFit. Teoretisk og praktisk gjennomgang av dei 9 fundamentale øvingane i CrossFit; air squat, front squat, OH (over head) squat, markløft, sumo deadlift high pull, medicine ball clean, press, push press, push jerk.  I tillegg til desse går vi igjennom øvingar som; wallball, pull-ups, push ups, utfall, double unders (hoppetau) og sit ups.
  • Påmelding: Send mail til annkristin@gymstryn.no merk mail med «CrossFit introduksjonskurs» og informer om du er medlem eller ikkje. Påmeldingsfrist 30. januar. Maks antal deltakarar 20, minimum 10. Førstemann til mølla.
  • Vi anbefalar vidare å delta på CrossFit nybegynner timar etter endt kurs. Minimum 10 nybegynner timar før ein kan delta på «nivå1» timane. 

Symjekurs frå 26. oktober

  • Dato/ Tidspunkt: Onsdagar kl 20:00 – 21:00 i Stryn symjehall. 26/10, 1/11, 9/11, 16/11, 23/11, 30/11.
  • Pris: 1150,- (For medlemmar av Gym Stryn, samt halvtårs- og heilårskort i symjehallen) 1550,- for andre.
  • Instruktør: Janne Bruhn Henriksen
  • Målgruppe/ innhold: Kurset er tilpassa deltakarar som ønsker å lære seg betre teknikk for å symje meir effektivt og å bruke symjing i treningssamanheng. Det vil bli fokus på teknikkane bryst og crawl, tre dagar per teknikk. Symjing er skånsomt for ledd og skjelett og er ei anbefalt treningsform om ein har plagar knytta til dette.
  • Påmelding: Send mail til annkristin@gymstryn.no merk mailen med «Symjekurs» og informer om du er medlem eller ikkje. Påmeldingsfrist 24/10. Maks antal plassar er 15, minimum 8. Førstemann til mølla.

plakat-symjekurs-2016-for-sos-med

Løpsteknikk frå 21. september

  • Dato/ tidspunkt: Onsdagar;  21/9, 28/9, 5/10 og 12/9
  • Pris: 400,- (medlemmar av Gym Stryn)/ 800,- (ikkje medlem av Gym Stryn) Fakturainformasjon vert sendt ut per sms etter første kursdag.
  • Instruktør: Tommy Haga (sjå informasjon om Tommy under bilde)
  • Målgruppe: For dei som ønsker å få meir utbytte av springeøkter, springe meir effektivt og økonomisk. Du må ha trent litt i frå før av, og være litt vand med å jogge/ springe.
  • Innhold: Løpsanalyse, makspulstest, informasjon om intensitetsstyring, styrke og bevegligheit for dei som ønsker å utvikle betre springeteknikk.
  • Påmelding: Send mail til annkristin@gymstryn.no merk mail med «Løpsteknikk» og informer om du er medlem eller ikkje. Påmeldingsfrist 19/9. Maks antal plassar 15, minimum 8, førstemann til mølla.
  • Vi anbefalar vidare å delta på intervalltrening utandørs etter gjennomført kurs. 

img_0539

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Om Instruktør Tommy Haga:

Tommy starta som instruktør hjå Gym Stryn sommaren 2016. Tommy har til no hatt intervalløkter utandørs, sirkeltrening og earlybird. Han har tidlegare halde kurs (løpekurs) og jobba som personleg trenar ved Luster Treningssenter. Tommy har dreve med aktivi idrett sidan barneskulealder, og vore innom idrettar som fotball, lengdeløp på skøyter og friidrett. Deretter begynte han spesialiseringa mot motbakkeløp og ultra-terrengløp som han no satsar på å bli blant Norges beste i. Tommy har blant anna vunne Hornindal Rundt i 2015, samt vunne og satt løyperekord i Hardangervidda marathon same året. No vil Tommy dele sin kunnskap og erfaring med Gym Stryn sine medlemmar og stryningane generelt. Dersom du er glad i ein joggetur eller anna løp, er dette kurset for deg