Ein personleg trenar sørger for at du trenar sikkert, effektivt og at treninga er individuelt tilpassa. Både ein nybegynnar som treng hjelp til å kome igang, og ein som har trena lengre vil ha utbytte av peronleg tilpassa trening. Din PT vil følge deg tett på trening, lage treningsprogram tilpassa din progresjon og motiverar deg på vegen. Våre personlege trenarar har brei kompetanse og har lang fartstid innan treningsbransjen. Ta kontakt for ei uforpliktande samtale.
Gym Stryn sine personleg trenarar
Ann Kristin Grodås
Ann Kristin er utdanna ernæringsfysiolog og personleg trenar og er dagleg leiar på Gym Stryn. Ann Kristin er også instruktør i CrossFit, seniortrim, mor/barn og har tidlegare vore instruktør i sykkel, kettlebell og styrke i sal. Ann Kristin har eigen idrettsbakgrunn innan fotball, men har den siste tida brukt mest tid på styrke og CrossFit. Som ernæringsfysiolog tilbyr Ann Kristin kosthaldsrettleiing og oppsett av matplan både i kombinasjon med treningstimar og utanom.
Som person er Ann Kristin positiv og motiverande. Hennar engasjement vil påvirke deg til å velge ein sunn og aktiv livsstil.
- E-post : akgrodaas@gmail.com
- Telefon: 46331481
Gunn Skrede
Gunn er utdanna fysioterapeut og personleg trenar og driv eigen fysioterapi praksis på Gym Stryn. Gunn har også bakgrunn som instruktør i sal og sykkel og har hatt timar som pilates, slynge, sirkel, løpegruppe, styrke med meir. Gunn har eigen idrettsbakgrunn innan langrenn og løp og kan tilrettelegge treningsplanar mot dine konkurrans- eller mosjonsmål. Som fysioterapeut er ho god på skadeforebygging og tilrettelegging av aktivitet i ein rehabiliteringsfase. Ho har spesialkompetanse på trening med slynger og tilpassar eit styrkeprogram til dine målsettingar.
Som person er Gunn blid og utadvent, du vil få ein PT som engasjerer seg i dine målsettingar og motiverar deg til å nå dine mål.
Du kan også ta kontakt med Gunn dersom du ønsker løpsanalyse og/eller såletilpassing.
- E-post: gunn.skrede@gmail.com
- Telefon: 90570309
Prisar
Eit klipp er Personleg trening i 55 min. Ta kontakt med ein av våre personlege trenarar for å gjer ein avtale.
- 1 klipp: 710,-
- 5 klipp: 3250,- (650,- per time)
- 10 klipp: 6200,- (620,- per klipp)
- 20 klipp: 11600,- (580,- per klipp)
Personleg trening DUO:
- 1 klipp: 580,-
- 5 klipp: 2600,- (520,- per time)
- 10 klipp: 4850,- (485,- per time)
- 20 klipp: 9000,- (450,- per time)