Ein personleg trenar sørger for at du trenar sikkert, effektivt og at treninga er individuelt tilpassa. Både ein nybegynnar som treng hjelp til å kome igang, og ein som har trena lengre vil ha utbytte av å jobbe med ein personleg trenar. Ein personleg trenar følger deg tett på trening, lagar program og motiverar deg. Våre «PTar» har til saman brei kompetanse og begge har lang erfaring innan treningsbransjen. Ta kontakt for ein uforplikta samtale.

Gym Stryn sine personleg trenarar

Ann Kristin Grodås

Ann Kristin er utdanna ernæringsfysiolog og personleg trenar og er dagleg leiar på Gym Stryn. Ann Kristin er også instruktør i CrossFit, seniortrim, mor/barn og har tidlegare vore instruktør i sykkel, kettlebell og styrke i sal. Ann Kristin har eigen idrettsbakgrunn innan fotball, men har den siste tida brukt mest tid på styrke og CrossFit. Som ernæringsfysiolog tilbyr Ann Kristin kosthaldsrettleiing og oppsett av matplan både i kombinasjon med treningstimar og utanom.

Som person er Ann Kristin positiv og motiverande. Hennar engasjement vil påvirke deg til å velge ein sunn og aktiv livsstil.

  • E-post : annkristin@gymstryn.no
  • Telefon: 414 57 553
Gunn Skrede

Gunn er utdanna fysioterapeut og personleg trenar og driv eigen fysioterapi praksis på Gym Stryn. Gunn har også bakgrunn som instruktør i sal og sykkel og har hatt timar som pilates, slynge, sirkel, løpegruppe, styrke med meir. Gunn har eigen idrettsbakgrunn innan langrenn og løp og kan tilrettelegge treningsplanar mot dine konkurrans- eller mosjonsmål. Som fysioterapeut er ho god på skadeforebygging og tilrettelegging av aktivitet i ein rehabiliteringsfase. Ho har spesialkompetanse på trening med slynger og tilpassar eit styrkeprogram til dine målsettingar.

Som person er Gunn blid og utadvent, du vil få ein PT som engasjerer seg i dine målsettingar og motiverar deg til å nå dine mål.

Du kan også ta kontakt med Gunn dersom du ønsker løpsanalyse og/eller såletilpassing.

  • E-post: gunn.skrede@gmail.com
  • Telefon: 458 19 825
    Reidun Løken

    Reidun kjem frå SATS ELIXIA sin Health & Activity Corporate avd Bergen.
    Utdanna og lisensiert SAFE personleg trenar, og instruktør innanfor sykkel, gruppetrening og yoga.
    Vært aktiv innanfor sykkelmiljøet i Bergen, og hatt tett samarbeid med Bergen CK for å hjelpe fleire med på turritt, Arrangert eventar med bl.anna Nordsjørittet, Atle Kvalsvåll og Bergen – Voss, Gunn Rita Flesjå Dahle.

    • Treningserfaring;
      Sykkel
      Styrke
      Ski
      Yoga

    Som trenar vil Reidun bidra med å sette realistiske mål.Tenke skadeforebygging og balanse, allsidighet, progresjon og kvalitet i treninga. Aktivitet er ferskvare, og det skal være kjekt. Vil du, så kan du.

     E-mail: reidunloken@gmail.com
    Telefon: 482 26 431

Prisar

Eit klipp er Personleg trening i 55 min. Ta kontakt med ein av våre personlege trenarar for å gjer ein avtale.

  •  1 klipp: 550,-
  • 5 klipp: 2500,- (500,- per time)
  • 10 klipp: 4800,- (480,- per klipp)
  • 20 klipp: 9000,- (450,- per klipp)