Her er timeplanen for påskeveka. Det blei for lite plass til å få med CrossFit-timen kl 11.00 laurdag 19. mars 🙂

Bruk påska godt og nyt gode treningsfasilitetar og gruppetimar dersom vêret ikkje skulle bli det heilt store. Våre instruktørar tar vel i mot deg, både gamle og nye medlemar så vel som påskegjestar som har slått til på påsketilbodet vårt. Sjå eiga sak under.

Og hugs at du i perioden kan prøve CrossFit gratis om du ikkje er medlem. Du treng ikkje å ha forkunnskap om CrossFit for å delta. Det er maks 12 plassar per økt og påmelding til desse timane (andre timar som normalt via nettsida) gjer du ved å sende SMS til 414 57 553. Skriv CrossFit Namn Dato – og gjerne God Påske! om du føler for det 🙂

Ha ei sprek påske!

Aktivitetsplan påska 2016