Tida fyke når ein har det kjekt, og no er vi plutselig blitt 1 år! Vi ønsker å takke våre medlemar og feire oss sjølve med ope hus, enkel servering, gode treningsøkter og supre tilbod.

Dette skjer mandag 11. april!

Dersom du enno ikkje har vore innom gymmen, er nettopp dette dagen for eit besøk!! Alle som er innom er med i trekninga på fine gåver i frå våre samarbeidspartnarar; Pulsklokke i frå Sport1, gymbag i frå Nordea og veske i frå Moods. Hugs å registrer dokke på besøkslista vår, som ligg ved soffakroken! Alle med gyldig medlemskap er automatisk med i trekninga.

Kl 15:00 vert det fellestrening utandørs. Vi håpar sola kjem og at du kan få ein forsmak på sommaren. Timen vert lagt opp med enkle mobilitetsøvingar til oppvarming, litt leik og moro, styrke med kroppsvekt og enkelt utstyr, samt parøvingar. Vi ønsker ein sosial og effektiv treningstime – ta med kollegaane dine og avslutt arbeidsdagen med ei treningsøkt!

Ikkje medlem enno? Vi har eit knalltilbod! Denne dagen får du fri innmelding (verdi kr 300) og eit gåvekort på kr 300 som du kan gje til ein venn.

Ellers vert det god stemning og enkel servering på gymmen heile dagen gjennom. Du finn betjening mellom 09:00- 20:00 som kan svare på spørsmål eller hjelpe deg med øvingar og apparat.

Fellestreningane går som normalt.

gymstryn-1aar-plakat _web

Translate »