Resepsjonist/ kveldsvakt
Vi ser etter ein person som er serviceinnstilt, blid og omgjengeleg og som er interessert i helse og trening. Jobben innebærer blant anna å ta i mot nye medlemmar, kundebehandling, omvising, enkel rettleiing på treningsapparat og reinhald. Det vert i hovudsak arbeid på kveldstid.
Gym Stryn
Gym Stryn har helse, meistring og prestasjon som kjerneverdiar og ønsker å jobbe i tråd med desse i alle ledd. Vi er opptekne av å utvikle oss og halde oss fagleg oppdaterte. Du vil få moglegheit til å jobbe i eit spennande miljø og saman med dyktige medarbeidarar. Løn etter avtale.
Søknadsfrist: 21. april. 2017
Send søknad til post@gymstryn.no og/eller ta kontakt med dagleg leiar Ann Kristin Grodås på 414 57 553 om du har spørsmål.