Godt nyttår, og takk for det gamle gode 2016!

Vi har teke i mot mange gode tilbakemeldingar undervegs og via spørjeundersøkinga. No har vi teke desse til oss og justert planen deretter. Litt om endringane på timeplanen:

Vi har fått ønsker om BasisBall 4×4 og BasisBall RIT på timeplanen igjen, og no er den endeleg på timeplanen igjen! Tysdagar kl 19:30! Ein effektiv kondisjonstime, du garantert vil ha utbytte av.

CrossFit nivå1 er gjort om til 90 min økter. Der det tysdagane blir ekstra fokus på teknikk i første del av økta, mendan torsdagar blir ekstra fokus på mobilitet som del av oppvarminga. Dette er viktige fokusområder for å få mest mogleg utbytte og for skadeforebygging.

Kappasiteten på slyngetimane er begrensa, både man tanke på utstyr men aller mest for å sikre god oppfølging. Vi imøteser no tilbakemeldingar og ønske om ein ekstra time, og det vert no to timar slyngetrening onsdagar. Større sjangs for å kunne få med seg denne timen kvar veke! God styrketime som utfordrar deg på nye måtar!

Vi har også satt opp 30 min ekstra boksing for dei erfarne som treng litt større utfordringar. Vi ønsker at dei som har vore med å boksa ei tid kan kome til denne timen for veiledning av Tom, og bli med vidare også når «nybegynnarane» kjem.

Torsdagar kl 20:00 vert det ein ny sykkeltime! Tonje og Gunn vil halde timen. Tonje har ikkje hatt fast time den siste tida, og Gunn er ny instruktør. Spennande nyheit!

Vi ønsker å skape variasjon i treningstilbodet og opplever god respons på pop-up trening. Vi vil derfor fortsette med dette og har no ein fast pop-up time på timeplanen fredagar før ein tek til på helga! Her vil det bli stor variasjon i innhold og nstruktør. Følg med på våre facebooksider for meir informasjon. Vi postar vekas pop-up torsdag formiddag!

Vi takkar for gode, konstruktive og kreative tilbakemeldingar og håpar de vert nøgde med vår respons på desse, timeplanen som gjeld frå januar 2017! 

Translate »