Vi ønsker å starte hauten på best tenkeleg måte; Ny treningsinspirasjon, hærlig energi og topp stemning på gymmen! Vi får besøk av blant anna Kristin Holte og Morten Ekerheim. Her følger litt informasjon, fleire detaljar kjem på plass etterkvart. Laurdag kveld vert det «Post Workout Party» med grilling og lystigt lag. Vi gler oss mykje – håpar de set av helga til dette! 🙂

Fredag 8. september
  • 17:00 – 20:00 Workshop med Morten Ekerheim: Street workout – med fokus på å lære øvelser som human flag, muscle up og å stå på henda.

Denne workshopen inneheld spesifikk trening og progresjonsøvelser for de tre nevnte hovedøvelsane, men også ei morosam og effektiv treningsøkt som kan skalerast til ditt individuelle nivå. I tillegg til å fokusere på teknikken som hjelper deg på veien mot ditt første flagg vil vi også gå gjennom spesifikk oppvarming, grunnleggande øvelser, og andre triks du ikkje ante du skulle klare.

Dette blir morosamt, lærerikt og sånn akkurat passe tungt.

Laurdag 9. september

Programmet laurdagen vert delt i to. Du vel anten CrossFit Workshop eller Inspirerande treningstimar.

  • 09:00 – 15:00 Workshop med Kristin Holte: CrossFit

Workshopen inneheld ei blanding av foredrag og trening. Vi bygger vidare på workshopen fra fredag, og rettar det mot CrossFit. Kristin fortel oss om «veien mot toppen» og andre tips og erfaringar innan mental trening, kosthold og treningskvardagen ho lever i. Vi skal også sjølvsagt igjennom ein god «WOD» (Workout of the day) som gjev oss passeleg blodsmak i munnen og masse meistring.  

  • 09:00 – 15:00 Inspirerande treningstimar med blant anna Step, BasisBall, Street Workout og Sh-bam. Vi har dyktige og erfarne instruktørar på tapetet. Detaljar kjem snart.
  • 12:00 – 13:00 Felles lunsjpause: Vi serverar nydelig lunsj.

Prisar og påmelding kjem snart.