CrossFit Stryn har eksistert sidan 2016, då boxen vart sertifisert som eigen CrossFit-box. Boxen har base på Gym Stryn og er ein del av det totale treningstilbodet der.

CrossFit er ei svært samansett treningsform som hentar element frå mange ulike idrettar. Øktene verierer frå time til time både i innhald og form. I løpet av ein periode vil du komme innom kondisjonsøvingar, tung styrke, olympiske løft og kroppsvektsøvingar.

Våre dyktige intruktørar hjelp deltakarane gjennom økta slik at alle får mest mogleg ut av si trening. Det blir sett fokus på riktig teknikk og riktig vektbelastning for den enkelte.

TIMEBESKRIVELSER:

CrossFit
CossFit er ei samansett treningsform som hentar element frå mange ulike idrettar. Øktene varierar frå time til time, både i innhald og form. I løpet av ein periode vil du komme innom kondisjonsøvingar, tung styrke, olympiske løft og koppsvektsøvingar.

CrossFit team WOD
Dette er ein CrossFit-time der ein køyrer økta i team på to eller fleire. Solsialt og moro!

CrossFit Mash
Denne timen er uten instruktør. Er en høyintensiv time, og du må ha erfaring fra CrossFit trening for å delta.

CrossFit Endurance
En CrossFit – utholdenhetsøkt, med bruk av blant anna Ski-Erg, Assault Bike, Romaskin og Spedfit (tredemølle). Intensiteten vil være moderat til høg.